Quantcast
Channel: grunnsteinane – Folkelista for Hareid
Viewing all articles
Browse latest Browse all 4

Kvifor røyste Folkelista?

$
0
0

Valet nærmar seg og det er nok framleis mange som enno ikkje har bestemt seg for kven dei skal stemme på.

Folkelista har no, som ved førre val, utarbeidd eit kort og tydeleg program som du som veljar lett kan setje deg inn i. Politikken vår har dei siste 4 åra vore nøktern og ansvarleg, man han har hatt ein tydeleg profil. Det skal vi halde fram med. Vi må halde på særpreget til Hareid kommune med levande bygdelag og eit sterkt sentrum. Det gjer ein ikkje ved å setje bygdelag opp mot einannan, slik det har vore gjort i altfor mange år.

Mange er opptekne av omdømet til kommunen. Vi meiner at kommunen først og fremst opparbeider eit godt omdøme ved å unngå indre strid. Dette vert skapt gjennom politiske vedtak der folk vert handsama med respekt. Ein konfronterande politikk der heile lokalsamfunn vert overkøyrde er såleis øydeleggjande for omdømet.

Kommunen er i ein vanskeleg økonomisk situasjon som krev svært nøktern drift. Då er det ekstra viktig at primæroppgåvene ligg i botnen av alle økonomiske prioriteringar.

Like viktig som kommunale utgifter, er det å skape inntekter til kommunen. Ein må difor ha fokus på dei behova næringslivet har. På den måten kan ein kome industrien i møte og legge grunnlaget for etablering og sikring av arbeidsplassar.

Folkelista vil gjennom breiast mogleg samarbeid vere med på å stake ut ein ny kurs for Hareid kommune der dei nemnde momenta er viktige ingridiensar. Då trur vi at vi sakte, men sikkert kan betre tilhøva i kommunen.

Godt val!

Dag Audun Eliassen, ordførarkandidat.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 4